Oppslagstavle

HLB fikk Byutviklingsprisen 2018!!

 
Picture of Christel Bachmann Barbo
HLB fikk Byutviklingsprisen 2018!!
by Christel Bachmann Barbo - Monday, 12 November 2018, 12:51 PM
 

På fredag fekk Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling Byutviklingsprisen!

Æresprisen for byutviklingsarbeid i Bryne blei delt ut av ordførar i Time, Reinert Kverneland, på den årlege Bykonferansen. Rektor Dag Jørund Lønning og styreleiar Odd Arild Kvaløy mottok æresprisen på vegner av HLB.

I juryen si grunngjeving blir HLB m.a. takka for å ha gjort Bryne til eit sentrum i Noreg for nyskapande lokalsamfunnsarbeid. Prisen består av ein plakett og eit keramisk kunstverk laga av Karen Erland.

HLB har også medverka med ein eigen rapport om retninga for framtidig utvikling i jærhovudstaden. Her presenterer me nye planverktøy for å styrka sentrum og meir effektivt skilja mellom sentrums- og næringsområde. Rektor Dag Jørund Lønning presenterte denne rapporten på byutviklingskonferansen. Han set veldig pris på æresprisen:

- Me har kjent oss velkomne i Brynebyen frå me kom her i fjor, og me har fått eit veldig godt samarbeid både med næringsliv og kommune. Denne prisen er ei oppmuntring for oss alle, og ein veldig motivasjon for å stå på vidare med å byggja utdanningstilbod og fagmiljø.

På bildet frå konferanselokalet. Frå venstre: Næringssjef i Time, Reidar Hebnes, HLB-student Marte Dale, styreleiar Odd Arild Kvaløy, rektor Dag Jørund Lønning og rådmann i Time, Trygve Apeland.