Oppslagstavle

Velkomen til studieåret 2016-2017!

Velkomen til studieåret 2016-2017!

by Christel Bachmann Barbo -
Number of replies: 0

Her finn du praktisk informasjon om studiestart hausten 2016! Me gler oss til eit nytt studieår med både nye og gamle studentar!

 Registrering av IT-brukar på høgskulen sin læringsplattform: Moodle

Mesteparten av informasjonen som blir formidla frå førelesarane går enten via e-post, eller moodle. Dersom du ikkje har brukar på moodle enno, må du registrere deg. her: http://kurs.hlbmoodle.no/login/signup.php

Husk å varsle Christel - christel@hlb.no  - når dette er gjort. Då melder ho deg inn på kursa du skal gå på.

På moodle vil ein få tilgang til podcasts av førelesningane, og ein vil gå oppdatert informasjon om nye innleveringar, samlingar, studieturar osv. 

Tidlegare studentar blir automatisk satt opp på nye fag. Dersom du ikkje har blitt overført, ta kontakt med christel@hlb.no

Lånekassen

Nye studentar kan søke om lån frå lånekassen rundt eit døgn etter ein får bekrefta opptak. Alle studentar har rett til studielån og støtte til heile studieavgifta. 

Dersom det er nokon studentar som har fått melding om avbrot i studia frå lånekassen, tyder det stort sett bare at ein har søkt om støtte for eitt enkelt år i fjorårets søknad. Da må ein sende inn ny lånesøknad viss dette er tilfellet. Er du usikker, send ein e-post til christel@hlb.no

Studieavgift

Rekning på studieavgifta blir sendt ut rundt studiestart. Dersom du ikkje gjer opp for studieavgifta vil du miste studieretten din. Difor må ein gjer dette snarast mogleg. 

Prisar for dei forskjellege faga finn ein her:

   - Samfunn og utviklingsarbeid (SU)

   - Økonomi og leiing (ØK)

   - Hest i Næring (HIN)

   - Landskap og Utvikling (LSUT)

   - Nyskaping og utviklingsarbeid (NY)

Kurs

Dersom det er etterspurnad vil høgskulen kunne arrangere nokre kurs i IT(bruk av moodle, digitale verktøy som Word, PowerPoint, innføring i andre nyttige it-verktøy knytt til studering) , studieteknikk, bruk av bibliotek og liknande. Ta kontakt med post@hlb.no dersom du ynskjer ein slik teneste. 

Overføring av studiepoeng frå eksterne institusjonar

HLB kan ta inn opp til 60 studiepoeng frå andre akkrediterte institusjonar i bachelorgraden viss faga dine er relevante. Dette vil i så fall erstatte HiN/ØK/LSUT, 2. året i graden. Ein må søkje om å få overført studiepoeng. Søknadsskjema kan ein få etter førespurnad. Dokumentasjon på gjennomførte studiepoeng må ligge ved søknaden. 

Samlingar og studieturar

Informasjon om samlingane vil du finne inne på moodle-sida til faget. Når me har alle samlingane for 2016/2017 heilt klare vil det også vere ein plan for alle faga tilgjengeleg på hovudsida vår. Undervisning går frå kl. 0900-1500 kvar samlingsdag. Foreløpige samlingsplanar finn du her: https://www.dropbox.com/sh/egffam1tfh8nnfp/AAAnZ3rBh5UovmPRW_bApBqfa?dl=0

Pensumlister

Pensumlister frå forrige studieår er tilgjengelege for dei som ynskjer å sjå på dei (pensum for Samfunn og utviklingsarbeid – SU I og II, er oppdatert for studieåret 2016-17). Førebels har me ikkje heilt fått avklart pensum i alle kurs for hausten, det vil kome fram mot studiestart. Det vil antakeleg bli minimale forandringar, så dersom du vil kome i gang med lesinga tidleg kan du fint basere deg på pensumlistene frå i fjor. 

Pensumlistene finner du her: http://kurs.hlbmoodle.no/mod/folder/view.php?id=1891

Studiesenter

Dersom du er ny student er det lurt å ta ein kikk på www.studiesenteret.no Me har eit system for livestreaming av alle førelesingane våre, som gjer at me kan nå ut til heile landet. Viss du held musa over "studiesteder" på studiesenteret sine nettsider finn du oversikt over kvar sentera deira er. 

Viss det er nokon studentar frå tidlegare som ynskjer å byrje å ta bruk av studiesenter, eller evt. byte studiesenter ber me om at du tar kontakt, så skal me få til det. 

Studentkort

Alle studentar som ynskjer det, kan få studentkort når dei har betalt semesteravgifta. Dersom ein vil ta nytte av fordelane som kjem med det send ein e-post til post@hlb.no, med eit bilete av deg sjølv. Det treng ikkje vere full passbilete-standard, men me aksepterer ikkje noko som er tatt med eit mobilkamera. Studentane som møter ved HLB får tilbod om fotografering på første samling. 

Selfservice

Alle studentar får tilgang på selfservice. Her kan ein gå inn å sjekke

·         Adressa si (oppdatere om nødvendig)

·         Fag ein er satt opp på (utdanningsplan)

·         Karakterar

·         Lånekassestatus

Her logger du deg inn:  https://admit.solarsoft.no/admitselfservice/hlb/#Login

Brukernamn: Studentnummer

Passord: Det du brukte i søknadsportalen for HLB

-----

Ta kontakt med christel@hlb.no eller post@hlb.no om du har spørsmål