Oppslagstavle

Informasjon om studiestart 2015

Informasjon om studiestart 2015

by Mikkjell Lønning -
Number of replies: 0

Velkomen til alle nye og gamle studentar!

Det nærmar seg studiestart, og me er alle like spente. Me anbefaler alle å ta ein kikk på dette innlegget, slik at ein får ein viss oversikt om kva ein bør gjere før hausten. 

Registrering av IT-brukar

Mesteparten av informasjonen som blir formidla frå førelesarane går enten via e-post, eller moodle. Dersom du ikkje har brukar på moodle enno, kan du registrere deg her: http://kurs.hlbmoodle.no/login/signup.php

På moodle vil ein få tilgang til podcasts av førelesningane, og ein vil gå oppdatert informasjon om nye innleveringar, samlingar, studieturar osv. 

Tidlegare studentar blir automatisk satt opp på nye fag. Dersom du ikkje har blitt overført, ta kontakt med ml@hlb.no

Lånekassen

Nye studentar kan søke om lån frå lånekassen rundt eit døgn etter ein får bekrefta opptak. Alle studentar har rett til studielån og støtte til heile studieavgifta. 

Dersom det er nokon studentar som har fått melding om avbrot i studia frå lånekassen, tyder det stort sett bare at ein har søkt om støtte for eitt enkelt år i fjorårets søknad. Det er bare å sende inn ny lånesøknad viss dette er tilfellet. Viss du er usikker, send ein e-post til ml@hlb.no

Ver obs. på at det framleis står "bachelor i bygdeutvikling", og ikkje nyskaping og samfunnsutvikling i lånekassen. 

Studieavgift

Rekning på studieavgifta blir sendt ut rundt studiestart. Dersom du ikkje gjer opp for studieavgifta vil du miste studieretten din. Me anbefaler difor at ein gjer dette snarast mogleg. 

Prisar for dei forskjellege faga finn ein her:

   - Endringskunnskap: http://hlb.no/images/Prisar_Endringskompetanse_2015_2016.pdf

   - Økonomi og leiing: http://hlb.no/images/Prisar_%C3%98konomi_og_leiing_I_og_II_2014_2015.pdf

   - Hest i Næring: http://hlb.no/images/Prisar_HiN_2015_2016.pdf

   - Landskap og Utvikling: http://hlb.no/images/Prisar_LoU_2015_2016.pdf

   - Nyskaping: http://hlb.no/images/Prisar_Nyskaping_2015_2016.pdf

Kurs

Dersom det er ein viss etterspurnad vil høgskulen kunne arrangere nokre kurs i IT(bruk av moodle, digitale verktøy som Word, PowerPoint, innføring i andre nyttige it-verktøy knytt til studering) , studieteknikk, bruk av bibliotek og liknande. Ta kontakt med post@hlb.no dersom du ynskjer ein slik teneste. 

Overføring av studiepoeng frå eksterne institusjonar

HLB kan ta inn opp til 60 studiepoeng frå andre akkrediterte institusjonar i bachelorgraden viss faga dine er relevante. Dette vil i så fall erstatte HiN/ØK/LSUT, 2. året i graden. Ein må søkje om å få overført studiepoeng. Søknadsskjema kan ein få etter førespurnad. Dokumentasjon på gjennomførte studiepoeng må ligge ved søknaden. 

Samlingar og studieturar

Informasjon om samlingane: datoar, kvar dei er o.l. vil du finne inne på moodle-sida til faget. Når me har alle samlingane for 2015/2016 heilt klare vil det også vere ein plan for alle faga tilgjengeleg på hovudsida vår. 

Pensumlister

Pensumlister frå forrige studieår er tilgjengelege for dei som ynskjer å sjå på dei. Førebels har me ikkje heilt fått avklart pensum for hausten, det vil kome fram mot studiestart. Det vil antageleg bli minimale forandringar, så dersom du vil kome i gang med lesinga tidleg kan du fint basere deg på pensumlistene frå i fjor. 

Studiesenter

Dersom du er ny student er det lurt å ta ein kikk på www.studiesenteret.no Me har eit system for livestreaming av alle førelesingane våre, som gjer at me kan nå ut til heile landet. Viss du held musa over "studiesteder" på studiesenteret sine nettsider finn du oversikt over kvar sentera deira er. 

Viss det er nokon studentar frå tidlegare som ynskjer å byrje å ta bruk av studiesenter, eller evt. byte studiesenter ber me om at du tar kontakt, så skal me få til det. 

Studentkort

Alle studentar som ynskjer det, kan få studentkort når dei har betalt semesteravgifta. Dersom ein vil ta nytte av fordelane som kjem med det(rabatt på ymse ting) send ein e-post til post@hlb.no, med eit bilete av deg sjølv. Det treng ikkje vere full passbilete-standard, men me aksepterer ikkje noko som er tatt med eit mobilkamera. 

-----

Viss du har spørsmål av noko slag, så send det inn til ml@hlb.no - me vil gjere vårt beste for å svare på det du lurer på.