Oppslagstavle

Viktig informasjon til fyrsteårsstudentar ved HLB

Viktig informasjon til fyrsteårsstudentar ved HLB

by Mikkjell Lønning -
Number of replies: 0

Dette blei sendt ut på e-post og, men tenkte eg ville dekkje litt fleire kanalar. 

Det er snart eksamen for fyrsteårsstudentane ved HLB, så me må byrje å få på plass kva fag de ynskjer å ta til hausten. Me vil gjere dykk merksame på at det ikkje er sikkert at alle faga vil gå, det kjem ann på kor mange som melder seg på. Pensumlister frå alle faga ligg no på dropbox dersom de er interesserte i å sjå kva me har hatt tidlegare;  https://www.dropbox.com/sh/5ol2z2qalynayuj/AADODxVNYCZ8xSjAjxL6B9Z1a?dl=0

Meir info om prisar/studieplanar finn ein på hlb.no(hold over studietilbod-menyen). Faga som er aktuelle for dei som tar EK1/2 i år er Hest i Næring, Landskap og Utvikling og Økonomi 1/2. Me er fleksible dersom nokon ynskjer å bare ta eit av faga saman med Nyskaping 1 for eksempel, men då må ein i så fall ta det faget ein ikkje tok til neste året igjen, saman med NY2(viss ein går heiltid altså).

Viss det er nokon som har årsstudium frå andre institusjonar er det mogleg å få innpass for dei studiepoenga i vår grad, dersom studiet er relevant. Er dette tilfellet vil ein kunne hoppe rett på tredjeåret i graden og ta nyskaping. Viss ein er usikker om slikt, er det bare å spørje. Legg ved ei karakterutskrift av studiet viss de sender ein e-post. Det er ikkje mogleg å få søke overføring av studiepoeng for andre fag enn dei som ein tar 2. året. 

For dei av dykk som bare tar enkeltemner(ikkje EK) og vil fortsette med studering her hos oss, ta kontakt, så kan me diskutere kva som er det beste steget vidare.

Send meg ein e-post(ml@hlb.no) med det de ynskjer å ta til neste år, så finn me ein ordning. Me ber om at alle sender e-post innan fredag 6. Mars.