Oppslagstavle

Studietur til Hellesøy!

Studietur til Hellesøy!

by Christel Bachmann Barbo -
Number of replies: 0

 

Endringskunnskap-studentane (EKII) ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) har nyleg gjennomført ei vekes feltkurs på Hellesøy i Hordaland.  

Hellesøy er eit lite lokalsamfunn lengst nord i Øygarden kommune. Studentane har intervjua og skal skrive semesteroppgåve om korleis lokale eldsjeler har mobilisert og teke i bruk lokale ressursar til ny verdiskaping – økonomisk, sosialt og kulturelt.  Eitt års utviklingsarbeid har blant anna ført til gjenopning av nærbutikken, restauranten og sosiale møteplassar. Studentrapportane kan forhåpentlegvis avdekkje endå fleire lokale ressursar som kan nyttas i det vidare verdiskapingsarbeidet.

    

Det var eit godt opplegg i samanheng med studiet, det var nyttig å sjå bygdeutvikling i praksis. Spesielt lærerikt var det å snakke med dei som kjenner utfordringane på kroppen og forstår viktigheita av at alle i lokalsamfunnet drar i lag. Eg ser at kommunikasjonen og dialogen mellom aktørane er avgjerande for å få til utvikling, seier Laila Helleberg, BA student ved HLB