Oppslagstavle

Kolonihagen – ein stad utanfor tida – inn i framtida?

Kolonihagen – ein stad utanfor tida – inn i framtida?

by Christel Bachmann Barbo -
Number of replies: 0

 Sjølv om korkje Noreg eller Jæren kan seiast å vere blant dei mest aktive i kolonihageklassen, så tek HLB aktivt del i eit europeisk nettverk som skal oppsummere kunnskapen kring kolonihagar og sjå på mulegheitene for å vidareutvikle desse inn i framtida (COST - Kolonihagar) .

Dette er eit stort nettverk, meir enn 26 land deltek og mellom 80 og 100 forskarar, offentleg tilsette og kolonihageentusiastar deltek. 

Studieleiar Johan Barstad er medlem av styringsgruppa, som denne gong heldt hus på Bryne, 26. juni i år. Åtte representantar for universitets- og høgskulemiljø frå heile Europa var då samla for å planlegge arbeidet dei neste tre åra.

Arbeidet framover vil ha tre hovudlinjer:

-          nasjonale case-studiar for å få fram ’kven, kva og korleis’ i dei ulike landa (Lokalt skal vi særleg prøve sjå nærare på Ølberg Strandhagar)

-          tematiske oppsummeringar

-          ei (lære-)bok

For oss her i Noreg så er det særleg viktig å sjå på korleis vi, som ofte reknar oss for å ha ’godt med plass og mykje grønt’, legg til rette for slike tiltak i område med stort arealpress. Difor høver arbeidet i dette COST-nettverket veldig fint med forskingsprosjektet ”Kva er Jæren” som HLB har i gang og også inn mot det nye studieemnet om arealkonfliktar og arealforvaltning.

Torsdagen vart nytta til å gje nokre av dei tilreisande eit blikk på kva regionen kan by på. Ein tur på Preikestolen og ei kjapp byvandring i Stavanger.

 

 

 

 

 

Tekst og foto: Johan Barstad