Oppslagstavle

Informasjon om studieåret 2018/2019

 
Bilde av Christel Bachmann Barbo
Informasjon om studieåret 2018/2019
av Christel Bachmann Barbo - torsdag, 21 juni 2018, 13:33
 


Her finn du praktisk informasjon om studiestart hausten 2018! Me gler oss til eit nytt studieår med både nye og gamle studentar!


Registrering av IT-brukar på høgskulen sin læringsplattform: Moodle

Mesteparten av informasjonen som blir formidla frå førelesarane går enten via e-post, eller moodle. Dersom du ikkje har brukar på moodle enno, må du registrere deg. her: http://kurs.hlbmoodle.no/login/signup.php

Husk å varsle Christel – christel@hlb.no   - når dette blir gjort. 

På moodle vil ein få tilgang til podcasts av førelesningane, og ein vil få oppdatert informasjon om nye innleveringar, samlingar, studieturar osv. 

Det er viktig å merke seg at podcastane ikkje alltid vil vere tilgjengelege rett etter førelesningar. Desse er ikkje meint som «erstatning» for førelesningar, men som eit verktøy for repetisjon før eksamen. Det er viktig at alle studentar deltek på samlingane.

Tidlegare studentar blir automatisk satt opp på nye fag i løpet av Juni/ juli. Dersom du ikkje har blitt overført, ta kontakt med christel@hlb.no


Lånekassen

Nye studentar kan søke om lån frå lånekassen rundt eit døgn etter ein får bekrefta opptak. Alle studentar har rett til studielån og støtte til heile studieavgifta. 

Dersom det er studentar som har fått melding om avbrot i studia frå lånekassen, tyder det stort sett bare at ein har søkt om støtte for eitt enkelt år i fjorårets søknad. Da må ein sende inn ny lånesøknad viss dette er tilfellet. Er du usikker, send ein e-post til administrasjonen.


Studieavgift

Rekning på studieavgifta blir sendt ut rundt studiestart. Dersom du ikkje gjer opp for studieavgifta vil du miste studieretten din. Difor må ein gjer dette snarast mogleg. 

Prisar for dei forskjellege faga finn ein her

Det er viktig at alle studentar sett seg inn i kva studieavgifta inkluderer. Meir informasjon om dette finn ein på hlb.no under studietilbod (gå inn på kursa som gjeld for den enkelte)

 

Kurs

Dersom det er etterspurnad vil høgskulen kunne arrangere nokre kurs i IT(bruk av moodle, digitale verktøy som Word, PowerPoint, innføring i andre nyttige it-verktøy knytt til studering) , studieteknikk, bruk av bibliotek og liknande. Ta kontakt med post@hlb.no dersom du ynskjer ein slik teneste. 

Overføring av studiepoeng frå eksterne institusjonar

HLB kan ta inn opp til 60 studiepoeng frå andre akkrediterte institusjonar i bachelorgraden viss faga dine er relevante. Dette vil i så fall erstatte HiN/ØK/LSUT, 2. året i graden (valfag). Ein må søkje om å få overført studiepoeng. Søknadsskjema kan ein få etter førespurnad. Dokumentasjon på gjennomførte studiepoeng må ligge ved søknaden. 


Samlingar og studieturar

Informasjon om samlingane vil du finne inne på moodle-sida til faget. Førebels er det berre datoane som ligg inne, men det vil kome detaljert informasjon så fort som mogleg. Undervisning går frå kl. 0900-1500 kvar samlingsdag.

Her er samlingsdatoar for studieåret 2018/2019.

OBS! Det kan bli nokre endringar i desse datoane.


Pensumlister

Litteraturen vil kome fortløpande på moodle når dei er klar. Dersom ein ønskjer å kome i gang med lesinga i desse faga no med ein gong, kan me sende kopi av pensumliste frå i fjor. Ta kontakt med christel@hlb.no

-       Me sel alle bøkene av Lønning og Evans, samt kompendium. Desse sendast ut ved studiestart, evt. tidlegare på førespurnad. Nokre bøker må ein bestille sjølv.


Studiesenter

Dersom du er ny student er det lurt å ta ein kikk på www.studiesenteret.no

Me har eit system for livestreaming av alle førelesingane våre, som gjer at me kan nå ut til heile landet. Viss du held musa over "studiesteder" på studiesenteret sine nettsider finn du oversikt over kvar sentera deira er. 

Viss det er nokon studentar frå tidlegare som ynskjer å byrje å ta bruk av studiesenter, eller evt. byte studiesenter ber me om at du tar kontakt, så skal me få til det. 


Studentkort

Alle studentar som ynskjer det, kan få studentkort når dei har betalt semesteravgifta. Dersom ein vil ta nytte av fordelane som kjem med det send ein e-post til post@hlb.no, med eit bilete av deg sjølv. Det treng ikkje vere full passbilete-standard, men me aksepterer ikkje noko som er tatt med eit mobilkamera. Studentane som møter ved HLB får tilbod om fotografering på første samling. 

Oblat til studentkort blir sendt ut ved betalt studieavgift. 

 

Selfservice

Alle studentar får tilgang på selfservice. Her kan ein gå inn å sjekke

·         Adressa si (oppdatere om nødvendig)

·         Fag ein er satt opp på (utdanningsplan)

·         Karakterar

·         Lånekassestatus

Her logger du deg inn:  https://admit.solarsoft.no/admitselfservice/hlb/#Login

Brukernamn: Studentnummer

Passord: Det du brukte i søknadsportalen for HLB

VIKTIG: Alle studentar må gå inn å godkjenne studieplanen sin på selfservice ved studieoppstart. Studentane har sjølv ansvar for å sjekke at ein er meldt på riktige kurs. Dette må gjerast rett etter studieoppstart (då er utdanningsplanen klar).

-----

Ta kontakt med christel@hlb.no eller post@hlb.no om du har spørsmål