Oppslagstavle

Viktig informasjon om studieåret 2017/2018

 
Bilde av Mikkjell Lønning
Viktig informasjon om studieåret 2017/2018
av Mikkjell Lønning - tirsdag, 11 juli 2017, 14:16
 

Her finn du praktisk informasjon om studiestart hausten 2017! Me gler oss til eit nytt studieår med både nye og gamle studentar!

Ny plassering

HLB er i gang med ein flytteprosess, og vil i løpet av hausten flytte ned til Serigstadbygget på Bryne. Bygget ligg rett ved togstasjonen, og berre nokre få minutt gange unna folkebiblioteket som har flotte leseområder. 

Les meir her: 

Registrering av IT-brukar på høgskulen sin læringsplattform: Moodle

Mesteparten av informasjonen som blir formidla frå førelesarane går enten via e-post, eller moodle. Dersom du ikkje har brukar på moodle enno, må du registrere deg. her: http://kurs.hlbmoodle.no/login/signup.php

Husk å varsle Mikkjell - ml@hlb.no  - når dette blir gjort. 

På moodle vil ein få tilgang til podcasts av førelesningane, og ein vil få oppdatert informasjon om nye innleveringar, samlingar, studieturar osv. 

Tidlegare studentar blir automatisk satt opp på nye fag i løpet av juli. Dersom du ikkje har blitt overført, ta kontakt med ml@hlb.no

Lånekassen

Nye studentar kan søke om lån frå lånekassen rundt eit døgn etter ein får bekrefta opptak. Alle studentar har rett til studielån og støtte til heile studieavgifta. 

Dersom det er studentar som har fått melding om avbrot i studia frå lånekassen, tyder det stort sett bare at ein har søkt om støtte for eitt enkelt år i fjorårets søknad. Da må ein sende inn ny lånesøknad viss dette er tilfellet. Er du usikker, send ein e-post til administrasjonen.

Studieavgift

Rekning på studieavgifta blir sendt ut rundt studiestart. Dersom du ikkje gjer opp for studieavgifta vil du miste studieretten din. Difor må ein gjer dette snarast mogleg. 

Prisar for dei forskjellege faga finn ein på nettstaden vår, http://hlb.no under studietilbod.

Kurs

Dersom det er etterspurnad vil høgskulen kunne arrangere nokre kurs i IT(bruk av moodle, digitale verktøy som Word, PowerPoint, innføring i andre nyttige it-verktøy knytt til studering) , studieteknikk, bruk av bibliotek og liknande. Ta kontakt med post@hlb.no dersom du ynskjer ein slik teneste. 

Overføring av studiepoeng frå eksterne institusjonar

HLB kan ta inn opp til 60 studiepoeng frå andre akkrediterte institusjonar i bachelorgraden viss faga dine er relevante. Dette vil i så fall erstatte HiN/ØK/LSUT, 2. året i graden. Ein må søkje om å få overført studiepoeng. Søknadsskjema kan ein få etter førespurnad. Dokumentasjon på gjennomførte studiepoeng må ligge ved søknaden. 

Samlingar og studieturar

Informasjon om samlingane vil du finne inne på moodle-sida til faget. Førebels er det berre datoane som ligg inne, men det vil kome detaljert informasjon så fort som mogleg. Undervisning går frå kl. 0900-1500 kvar samlingsdag.

Studieturen for Økonomi 1 gjekk i fjor til Færøyane. I år har me to alternativ me arbeider med: Anten gjere som i fjor og dra til Færøyane att, eller prøve noko nytt og dra til sørpolen! (Sør i Polen for å vere meir presis, nærare bestemt området kring Krakow). Begge alternativa gjev gode mulegheiter for å lære om bygdeutvikling og mangesysleri i små samfunn. Krakow gjev oss og mulegheit til å sjå litt nærare på landbruk innanfor EU-systemet. Så vi vil be dykk som skal ta økonomi 1 om å sende innspel/ønskemål om studieturen til johan@hlb.no.

Pensumlister

Litteraturen for SU og ØKI er lagt ut på moodle, mens litteratur for LSUT, NY og HiN vil kome fortløpande. Dersom ein ønskjer å kome i gang med lesinga i desse faga no med ein gong, kan me sende kopi av pensumliste frå i fjor. 

Listene for kvart fag ligg inne på moodle-sida til det respektive faget.

-       Me sel alle bøkene av Lønning og Evans, samt kompendium. Desse sendast ut ved studiestart, evt. tidlegare på førespurnad. Nokre bøker må ein bestille sjølv.

Studiesenter

Dersom du er ny student er det lurt å ta ein kikk på www.studiesenteret.no

Me har eit system for livestreaming av alle førelesingane våre, som gjer at me kan nå ut til heile landet. Viss du held musa over "studiesteder" på studiesenteret sine nettsider finn du oversikt over kvar sentera deira er. 

Viss det er nokon studentar frå tidlegare som ynskjer å byrje å ta bruk av studiesenter, eller evt. byte studiesenter ber me om at du tar kontakt, så skal me få til det. 

Studentkort

Alle studentar som ynskjer det, kan få studentkort når dei har betalt semesteravgifta. Dersom ein vil ta nytte av fordelane som kjem med det send ein e-post til post@hlb.no, med eit bilete av deg sjølv. Det treng ikkje vere full passbilete-standard, men me aksepterer ikkje noko som er tatt med eit mobilkamera. Studentane som møter ved HLB får tilbod om fotografering på første samling. 

Oblat til studentkort blir sendt ut ved betalt studieavgift. 

Selfservice

Alle studentar får tilgang på selfservice. Her kan ein gå inn å sjekke

·         Adressa si (oppdatere om nødvendig)

·         Fag ein er satt opp på (utdanningsplan)

·         Karakterar

·         Lånekassestatus

Her logger du deg inn:  https://admit.solarsoft.no/admitselfservice/hlb/#Login

Brukernamn: Studentnummer

Passord: Det du brukte i søknadsportalen for HLB

-----

Ta kontakt med ml@hlb.no eller post@hlb.no om du har spørsmål