Kurs innen Bachelor i Nyskaping og samfunnsutvikling 2018-2019

Kurset Nyskaping og utviklingsarbeid handlar om å skapa verdiar – sosiale, kulturelle og økonomiske. Det handlar om:

  • Det skapande mennesket
  • Kreativitet
  • Produktutvikling og -merking P1040048_816_x_612
  • Ressursidentifikasjon og ressursutvikling
  • Natur- og kulturbasert næringsutvikling
  • Entreprenørskap
  • Stadutvikling
  • Samskaping og nettverksskaping
  • Lokalt/regionalt særpreg – og korleis utnytta dette
  • Korleis bruka lokale ressursar på nye måtar.
  • Korleis utvikla nye produkt, næringar og bedrifter


Landskap er møte mellom menneske og fysisk miljø, og ramme for all menneskeleg aktivitet. Landskap er våre naturlege omgivnader, men dei er også sosiale og kulturelle. Landskap utgjer rom for nyskaping, utvikling og samarbeid, men også bakteppe for til dels alvorlege ressurs- og interessekonfliktar. Kva gjer me når ulike interesser konkurrerer om dei same ressursane?

I denne modulen går me inn i (kultur)landskapet som ressurs for nyskaping og utvikling, og me utforskar nye utfordringar og potensial i møtet mellom det rurale produksjonslandskapet og det urbane opplevingslandskapet.


Landbruks- og bygdeøkonomi gjev studentane innsikt i landbruk som næring i eit breitt, samfunnsøkonomisk perspektiv. Dei skal tileigne seg kunnskapar om og kunne kjenne att korleis karakteristiske utviklingstrekk i norsk landbruk og bygdenæringar relaterer seg til samfunnsøkonomisk teori og metode. Bedriftsøkonomien tilbyr grunnleggjande kunnskap i bedriftsøkonomisk teori og metode og innsikt, og øving i bruk av økonomiske modellar og bedriftsøkonomiske analysemetodar. Rekneskapsforståing gjev innføring i og øving i å forstå og bruke rekneskapsdokument som t.d. årsrekneskapen aktivt i styring av eigne verksemder. Rettslære gjev innføring i rettslege emne som er særleg relevante for regnskapskontor og bygdenæringar/gardsbruk. Det er målet å både gjere kandidatane kjende med rettsreglar generelt og med arbeidsrett spesielt.

Samfunn og utviklingsarbeid er eit tverrfagleg studium der vi nærmar oss utviklingsfeltet gjennom teori frå pedagogikk, geografi, sosialantropologi, sosiologi og filosofi. Kurset gjev ei grunnleggjande forståing av lokalsamfunnet som ramme og utgangspunkt for handling/entreprenørskap. Nettverks- og relasjonsbygging er vektlagt.

Kurset gjev ei brei innføring i akademisk tenking/metode og det å ta i bruk forskingsbasert kunnskap i prosjektutvikling. Det vil bli nytta mange døme, både nasjonale og internasjonale.

Modul II:

  • Prosjektutvikling: 15 stp
  • Introduksjon til utviklingsarbeid II: 15 stp

Det er eit tverrfagleg studium der vi nærmar oss utviklingsfeltet gjennom teori frå pedagogikk, geografi, sosialantropologi, sosiologi og filosofi. Kurset gjev ei grunnleggjande forståing av lokalsamfunnet som ramme og utgangspunkt for handling/entreprenørskap. Nettverks- og relasjonsbygging er vektlagt.

Kurset gjev ei brei innføring i akademisk tenking/metode og det å ta i bruk forskingsbasert kunnskap i prosjektutvikling. Det vil bli nytta mange døme, både nasjonale og internasjonale.

Modul I:

  • Innføring akademisk tenking og metode : 15 stp
  • Introduksjon til utviklingsarbeid I: 15 stp